Meiner felleserklæringa om miljøkrav innan cruise er urealistisk:

Vil lage eigne miljøkrav

Stryn vil utarbeide sine eigne miljøkrav for cruise, i samarbeid med næringa, og let vere å stille seg bak ei felleserklæring dei meiner er urealistisk.

Skal utarbeide eigne miljøkrav: Stryn kommune tek initiativ til at det blir utarbeidd ein miljøplan for Nordfjord Havn og cruisetrafikken til eigarkommunane. Den vil dei ha klar innan april 2020. 

Nyhende

Det vart i februar teke eit initiativ frå dei største cruisedestinasjonane til ei felleserklæring for ei meir miljøvenleg cruisenæring. Nordfjord Havn IKS og Stryn kommune er mellom dei som er oppfordra til å stille seg bak denne felleserklæringa. Frå før har Eid kommune gjort vedtak om å støtte den, og samstundes oppfordra Nordfjord Havn til å gjere det same.