Femte strake siger for Kristoffer Haugen

Suveren: Kristoffer Haugen vann ein suveren siger i Nuken opp og nedatte.  Foto: Oda Hammernes Pedersen/ Fjellsportfestivalen

Nyhende

Kristoffer Haugen , som vann Hornindal Rundt 38 km, vann ein ny siger i bratt løp i helga. Denne gongen i Sogndal, der "Nuken opp og neatte" vart arrangert i laurdag. Sunniva Skuset vann kvinneklassen.

- Dette er den femte strake motbakkesigeren?

- Det er ikkje direkte motbakkeløp, dei fleste går både opp og ned. Men det er vel den femte, ja, seier Kristoffer Haugen, som i rask rekkefølge har vunne løpet opp Hidsegga på Molltustranda, Stadlandet Rett Vest, Besseggenløpet og Hornindal Rundt 38 km.

Løpet laurdag gjekk over 18 km og 1.000 høgdemeter.

- Det var mykje gjørme og sleipt! seier bakkespesialisten til Fjordingen.

- Løypa er ikkje så teknisk krevjande i forhold til dei andre løpa, difor kan ein presse på med ganske høg fart både oppover og nedover, seier Kristoffer Haugen, som fortel at han hadde ei lue på omlag 1 minutt då han runda Nuken. Men sidan han hadde mykje å gå med nedover, var nummer 2 faktisk vel 4,5 minutt bak i mål!