Melding til foreldra

Mindre bilar rundt skulen gjev tryggare skuleveg

Det er skulestart i Sogn og Fjordane, og Trygg Trafikk oppfordrar fleire foreldre til å ta eit oppgjer med eiga bilkøyring til skulen.

Illustrasjonsfoto  Foto: Trygg Trafikk

Nyhende

– Mange foreldre køyrer barna mykje nærmare skulen enn nødvendig. Det fører til unødvendig trafikk rundt skulen og meir utrygge skulevegar for dei som går og syklar, fortel distriktsleiar for Trygg Trafikk i Sogn og Fjordane, Audun Heggestad. Han oppmodar foreldre som køyrer barna, å sleppe dei av eit stykke frå skulen og la dei gå den siste biten.

Er skulekøyringa verkeleg nødvendig?

Opplæringssjef i Trygg Trafikk, Ragnhild Meisfjord, meina fleire foreldre bør spørje seg om dei verkeleg treng å køyre barna til skulen.

– Barn likar å vere i aktivitet utandørs, og dei fleste ynskjer å gå eller sykle til skulen saman med venene sine. Det bør vi vaksne tilrettelegge for. Ved å følge barna til skulen, til fots eller på sykkel, er foreldrene med på å gjere skulevegen tryggare for dei minste. Våre eigne køyre vanar er det kvar og ein av oss lettast kan gjere noko med, seier ho.

Ei trygg sone rundt skulen

Å etablere ei «Hjartesone» rundt skulen er Trygg Trafikk si tilrådde løysing for å gjere nærområdet til skulen sikrare. Hjartesone er ei trafikksikker sone rundt skulen med minimal biltrafikk. Dersom barna må bli køyrde til skulen, kan dei sleppast av i «droppsona» utanfor hjartesona.

Andre hjartesonetiltak kan vere å lage følgegruppe, legge til rette for god sykkelparkering eller at foreldre står hjartesonevakte på utsette plassar. Stadig fleire skular etablerer hjartesoner slik at barna kan gå og sykle trygt til skulen.

– Vi meina at å lage ei Hjartesone er det beste foreldre og skular kan gjere for å gje barna ein trygg skuleveg. Hjartesone handlar ikkje berre om fysiske tiltak. Det er også ei felles forplikting og eit samarbeid mellom foreldre og skulen, seier ho.

Distriktsleiar Audun Heggestad fortel at Kaupanger skule har jobba godt med denne problematikken, og at han håpar fleire føl etter.

Oppmodar foreldre til å etablere hjartesone

Hjartesone er et samarbeid mellom Statens vegvesen, Syklistenes Landsforening, Politiet, Helsedirektoratet, Miljøagentene, Foreldreutvalget for grunnopplæringen og Trygg Trafikk.

– Vi oppmodar foreldre som ynskjer å lage ei hjartesone rundt skulen til barna sine, til å ta kontakt med FAU, skulen eller kommunen slik at dei saman kan finne den beste løysinga, avsluttar Meisfjord.