Ministeren vil justere nærpolitireforma

Den massive kritikken mot nærpolitireforma skal takast på alvor, lovar justisminister Jøran Kallmyr (Frp). Han varslar ei ny stortingsmelding om reforma.

Den massive kritikken mot nærpolitireforma skal takast på alvor, lovar justisministeren. Han varslar ny stortingsmelding om reforma.  Foto: Gunnhild Sindre (illustrasjonsfoto)

Nyhende

I ein oppheita debatt om nærpolitireforma på Arendalsveka onsdag sa Kallmyr òg at i 2021, når reforma etter planen skal vere sluttført, skal målet om to politifolk per 1.000 innbyggarar vere innfridd.

– Det garanterer eg, sa justisministeren.

Bli kvitt tidstjuvar

Evalueringa vil komme i form av ei melding til Stortinget i haust, opplyser Kallmyr til NTB. Han vil mellom anna sjå på korleis ein kan få fleire politifolk ut i gatene, og korleis ein kan bli kvitt tidstjuvar som køyring av psykiatriske pasientar.

Samtidig er sluttføringa av reforma utsett med eitt år.

– Vi er ikkje i mål, det kjem til å bli justeringar, seier Kallmyr.

Politiet slit òg med at bemanninga forsvinn til operativ teneste. Det er der dei fleste vil vere. Dermed forsvinn erfarne politifolk frå etterforskingsjobben.

– Vi skal løfte statusen til etterforskarane. Men korleis det skal skje, må eg komme tilbake til i meldinga, seier Kallmyr.

Ut mot Ap

I debatten i Arendal deltok òg politidirektør Benedicte Bjørnland, som i [URL]VG;https://www.vg.no/nyheter/innenriks/i/Qo3xM8/politidirektoeren-slaar-hardt-tilbake-mot-stoeres-politi-kritikk?utm_source=vgfront&utm_content=row-4[/URL]onsdag gjekk hardt ut mot Arbeidarpartiet som har trekt støtta si til reforma. Bjørnland peikar mellom anna på at Ap ikkje konsulterte Politidirektoratet om saka før dei trekte støtta.

Etter oppslaget i VG har Arbeidarpartiet likevel tatt kontakt, opplyser Bjørnland til NTB.

– Det blir endå eit møte, seier ho.

Bjørnland peikar på at kriminalitetsbildet har endra seg dramatisk dei siste åra, "frå gata til data", som ho seier. Men også ho meiner det er behov for å setje ein fot i bakken og justere kursen på reforma.

– Vi må gjere ei vurdering av kva som er det mest kritiske. Men vi er avhengig av å få politikarane med oss, seier politidirektøren – som samtidig åtvarar mot å gi politiet fleire nye mål og utviklingsområde.

– Vi har allereie 25 ulike prosjekt. Det er for mykje, slår ho fast.

Ber om tolmod

Samtidig ber ho om større tolmod rundt gjennomføringa av reforma.

– Det er for tidleg å realisere gevinstane. Dette kjem til å ta tid. Men det er ikkje til å komme frå at vi er i ein motbakke, seier ho.

Leiar Sigve Bolstad i Politiets Fellesforbund har lenge vore ein hard kritikar av nærpolitireforma. Men han er villig til å gi ho meir tid dersom to krav blir innfridde:

– Vi må få på plass eit etterforskingsløft og dreie meir av ressursane ut til distrikta, seier han.

Ifølgje Bolstad manglar det 345 politifolk for å oppnå målet i nærpolitireforma. Dei nye stillingane som er oppretta dei siste åra, har stort sett gått til Politidirektoratet og administrasjon, seier han.

Innsatsleiar fekk nok

I Arendal fortalde innsatsleiar Arne Guddal frå Søraust politidistrikt om kvifor han no tar permisjon frå jobben etter 29 år i politiet. Reforma har vorte ein tragedie på grunn av underfinansiering, meiner han.

– Intensjonen i reforma er veldig bra. Men ho har vorte ei sparereform. Vi har vorte færre i operativ teneste, med for mange oppgåver. Situasjonen er både demoraliserande og frustrerande, og eg har opplevd at folk græt på jobb, fortalde Guddal.

– Folk fortel at dei har slutta å ringe politiet, fordi dei ikkje kjem igjennom. Det gjer noko med tilliten, sa han.

(©NPK)