Klagen på avslag for bestandplan hjort Markane:

Fleirtalet valde utsetjing av klagehandsaminga

Kommuneadministrasjonen held fast på sitt avslag på godkjenning av bestandsplanen for hjort for Markane bestandsplanområde. Politikarane er langt frå så bastante, men valde å utsetje handsaming av saka.

Nedstemt: Ap-representant Pål Vonheim (hand i vêret) fremja forslag om å godkjenne bestandsplanen til Markane, men fekk ikkje med seg dei andre i formannskapet sjølv om mykje tyder på at dei deler synet til Vonheim. Dei ville sjå klagen i samanheng med den frå Nedstryn og utsette handsaminga til formannskapsmøtet onsdag.  Foto: Roy Aron Myklebust

Saka blir større enn den burde vore. Kommunikasjonen burde vore betre. Det har ikkje vore den dialogen det burde vore

Sven Flo
Nyhende

Avslaget på søknaden vart gjort i juni i år, og vart mellom anna grunngjeve med at Markane ikkje ville innlemme valdet Vik i sitt bestandsplanområde. Kommunen meiner derimot at Markane misoppfattar krava dei set for godkjenning av planen. Dei understrekar at det ikkje er snakk om noko samanslåing av hjortevalda, slik det kjem fram i klagen frå Markane.