Startar nytt kulturskuleår med rekordmange elevar

Stryn Kulturskule startar opp nytt skuleår med heile 190 elevar. Det er det største elevtalet nokon gong. Dei har mykje spanande på programmet.

Alle tilsette ved Stryn Kulturskule er klar for eit nytt, kreativt skuleår for 190 elevar. Frå venstre Annette Lunde, Ivar Tynes, Erik Vinje, Linda Gytri, Mette Carlsen og Kristian Haugen. Fokus er både samspel og enkeltprestasjonar, og å utvikle kreativiteten og skaparevna.  Foto: Berit Melheim

Nyhende

– Kulturskulen har hatt ei oppblomstring siste åra som sjølvsagt er svært gledeleg. Mange nye lærarar er på plass med fokus på kvar enkelt elev, kreativitet, kunnskap og meistringsglede. Målet vårt er at elevane skal glede seg til å komme til kulturskulen og at vi skal ha det kjekt i lag når vi er her, seier rektor Linda Gytri.