KM i friidrett:

Tobias slo til på 60 meter

KM i friidrett gjekk av stabelen i Førde i helga.

60 meter: Tobias Bruhn-Henriksen (t.h.) frå Stryn friidrett vart krinsmeister på 60 meter.   Foto: Privat

Kast: Maja Fuglestrand Baade (t.h.), Olden IL, vann spyd og kast liten ball.   Foto: Arkiv/privat

Nyhende

Tobias Bruhn-Henriksen frå Stryn friidrett gjekk til topps på 60 m med tida 8,58 sek i klasse G13.

Malin Riise Gran, også ho frå Stryn friidrett, vann 100 m i klasse J17 på tida 13,44 sekund.

Ruben Alexander Eide Gjerde, Olden IL, vann lengde (4,88 meter) og vart nummer to på 60 m og 200 m.

Maja Fuglestrand Baade, Olden IL, var suveren i kast liten ball (53,46 m) og i spyd (41,96 m). Spydresultatet gav heile 1.038 poeng på Tyrvingtabellen.

Elles merkar vi oss at volleyballspelaren Oskar Raftevold, Vikane IL, oppnådde resultatet 1,75 m i høgde.

Resultat

Gutar 10: Gaute Fredheim Urne, Olden IL 10,71 sek (60 m), 3,25 m (lengde) 27,32 m (kast liten ball)

Gutar 13, 60 m: 1. Tobias Bruhn-Henriksen, Stryn T & IL 8,58 sek, 2. Simen L. Sunde, Jølster IL 8,70 sek, 3. Jesper Endal Jepsen, Almenning IL 8,70 sek

Gutar 14, 200 m: 1. Jakob Slåtten, Jølster IL 24, 86 sek, 2. Ruben Alexander Eide Gjerde, Olden IL 26,02 sek, 3. Sondre Norberg, IL Bjørn 26,07 sek

Gutar 14, 60 m: 1. Jakob Slåtten, Jølster IL 7,68 sek, 2. Ruben Alexander Eide Gjerde, Olden IL 7,76 sek, 3. Sondre Norberg, IL Bjørn 8,25 sek

Gutar 14, lengde: 1. Ruben Alexander Eide Gjerde, Olden IL 4,88 m

Jenter 14, kast liten ball: 1. Maja Fuglestrand Baade, Olden IL 53,46 m, 2. Sarah Johanne Solibakke, Almenning IL 34,84 m, 3. Ingrid Krakhellen, Førde IL 34,24 m

Jenter 14, spyd: 1. Maja Fuglestrand Baade, Olden IL 41,96 m, 2. Sarah Johanne Solibakke, Almenning IL 19,42 m

Jenter 14, kule (3 kg): 1. Ingrid Krakhellen, Førde IL 8,33 m, 2. Maja Fuglestrand Baade, Olden IL 7,97 m, 3. Sarah Johanne Sollibakke, Almenning IL 7,89 m

Jenter 17, 100 m: 1. Malin Riise Gran, Stryn T & IL 13,44 sek

Menn senior, høgde: 1. Oskar Raftevold, Vikane IL 1,75 m

MV: Inge Asbjørn Haugen, Hornindal IL 17,97 sek (100 m), 37,39 sek ( 200 m), 14.34,15 (3.000 m)