Lokaloppgjer mellom Eid og Stryn:

Tid for revansje?

Lokaloppgjer: Stryn fekk bank då Eid vann 1–5 på Stryn stadion i vår. No kan Stryn stikke kjeppar i hjula til Eid som kjempar i toppen.   Foto: Stig Høynes

Nyhende

16. mai tapte Stryn 1–5 mot Eid heime på Stryn stadion. No er det tid for revansjeduell.

Stryn fekk ein opptur med 2–1 over Førde sist helg, medan Eid tapte 1–3 mot Årdal. Om Stryn vinn naboduellen på laurdag vil laget puste Eid i nakken og berre vere tre poeng bak.

– Å spele mot Eid er alltid litt ekstra motiverande. Å vinne eller tape dei kampane kjenner ein litt lenger på etter kampslutt, seier Stryn sin trenar Geir Inge Rake. Han fortel at laget har fått god tru og sjølvtillit etter Førdekampen, og at det skal vere muleg å utfordre Eid sjølv på bortebane.

– Fysikk og innsats må ligge i botnen som mot Førde dersom det skal bli poeng, avsluttar Rake. Kampen blir også eit gjensyn med Mads Wie som melde overgang til Eid i vår.