Brødrene Haugen på pallen

Og Live Sollid sprang inn til sjetteplass.

Nr. 3: Kristoffer og Rasmus Haugen delte 3. plassen i Bagheera Fjellmaraton.   Foto: Arkiv (privat)

Nr. 6: Live Sollid sprang inn til sjetteplass i dameklassen.  Foto: Magnus Sollid (arkiv)

Nyhende

Brødrene Rasmus og Kristoffer Haugen frå Hornindal delte tredjeplassen i Bagheera Fjellmaraton. Fjelløpet på 21 kilometer gjekk av stabelen i Sälen i Sverige laurdag.

406 løparar fullførte i herreklassen, og Rasmus og Kristoffer Haugen sprang i lag over målstreken på tida 1.28.32, noko som gav tredjeplass og plass på sigerspallen. Vinnaren Pontus Nordström frå Sverige fekk tida 1.26.15.

Nyleg juniorverdsmeister i motbakkeløp, Live Sollid frå Hornindal, markerte seg med eit nytt godt løp og vart nummer seks på tida 1.50.47 blant 463 som fullførte dameklassen. 16-åringen var berre 1.49 minutt bak tredjeplassen. Vinnar vart Kerstin Axelsson frå Sverige på tida 1.45.47.