Sparkar i gang sesong 2

Sesong 2: Sport und Spaß-redaksjonen sparkar i gang sesong 2 komande onsdag.  Foto: Radio Stryn

Nyhende

Komande onsdag er det avspark for sesong 2 av lokalsportmagasinet Sport und Spaß på Radio Stryn.

I sesongens første program får redaksjonen besøk av oldaren Steffen Melheim som har markert seg med medaljar i ungdoms-OL, nordisk meisterskap og i junior-NM friidrett denne sommaren. Med seg har han ein av eldsjelene i friidrettsmiljøet i Olden, Hans-Petter Galtung, som også var ein habil utøvar på 70-talet.

Nella Katrin Flo kjem også i studio. Ho var eit idrettstalent som hevda seg i fleire idrettsgreiner, og vi mimrar om «farne tider» på idrettsbana.

Kveldens blodfan er Derby-supporter Terje Walaker. Korleis er det å vere supporter for eit lag som held til på nest øverste nivå i England, og korleis fatta han interesse for laget frå Pride Park?

I tillegg blir det som vanleg skråblikk på lokalsporten frå programleiarane Roy Aron Myklebust, Thomas Thaule og Frank Hool. Ove Aarskog styrer teknikken med stødig hand.