Berre uavgjort i Sogndal

Utlikna: Hedda Vatn Øvreberg scora for Stryn.   Foto: Thomas Thaule (arkiv)

Nyhende

Stryn sitt 3. divisjonslag i fotball for damer skuffa i Sogndal.

Tysdag spelte strynedamene borte mot Sogndal, eit lag dei slo 11–1 i seriepremieren på Stryn stadion i vår. Men sogningane, som mellom anna har fått Jon Navarsete inn på trenarsida før haustsesongen, beit ifrå seg og greidde uavgjort.

Vatn Øvreberg utlikna

Sogndal tok leiinga rett før pause, men Hedda Vatn Øvreberg utlikna for Stryn etter ein time spelt. Mot slutten hadde Stryn fleire sjansar og frispark i god posisjon, men mål vart det ikkje. Laget til Johann Sigurdsson og co. ligg på 2. plass på tabellen, tre poeng bak Sandane. Førde ligg på 3. plass, poenget bak Stryn.

Stryn sitt lag: Anna-Sofie Auflem, Tuva Fredheim, Hege-Renate Glosvik Espeland, Anja Tomasgård, Maria Bergset, Olivia Vollsnes Wemby, Astrid Bjørke, Hedda Vatn Øvreberg, Marie Rekdal Johannsdottir, Kaisa Vollsnes Wemby, Karoline Flo, Mia Kristiansen, Emma Njøten, Emma Sæbø, Andrine Lødemel Bøe.

Søndag møter Stryn Balestrand på Stryn stadion.