Berre tre poeng er godt nok

Johannes Garlid Tenden( t.h.) og Stryn får besøk av Høyang.  Foto: Stig Høynes

Nyhende

Stryn møter Høyang i Kretsligaen laurdag. Heimelaget skal prøve å heve seg etter tapet mot Eid sist helg.

Trenar Geir Inge Rake håpar laget kan reise seg i kampen etter den skuffande kampen mot Eid.

– Kampbelastninga, spesielt for dei yngste spelarane, er stor no for tida. Eg håpar at mellom anna Petter Hammer melder seg kampklar til helga, seier Rake.

Talet er 7

Stryn ligg på ein skuffande 7. plass på tabellen etter 15 kampar, og må sjå at også Tornado Måløy, førebels, er betre enn dei i Nordfjord saman med Eid. Laget står med sju sigrar, ein uavgjort og sju tap, og har minus sju i målprotokollen.