Lerøyleikane i friidrett

Ruben Alexander Eide Gjerde og Mård Johannes Agjeld (t.h.), begge Olden IL, deltek i Lerøyleiakane i friidrett i helga.  Foto: Thomas Thaule

Nyhende

Denne helga arrangerer Haugesund IL Lerøyleikane i friidrett. Stemnet er for kretsane i Rogaland, Hordaland, Agder, og Sogn og Fjordane.

Ruben Alexander Eide Gjerde frå Olden IL er mellom deltakarane, og i fjor tok han like godt tre pallplassar.

Maja Fuglestrand Baade, Mård Johannes Agjeld (begge Olden IL), Isak Heggdal Skogen (Vikane IL) og Johannes Konstali-Lødemel (Stryn T & IL) er også påmelde.