Lerøyleikane:

Ny pers og siger i Haugesund

Ikkje berre vann 14-åringen lengehoppkonkurransen, han sette og ny personleg rekord.

Grinn til å smile Ruben Alexander Eide Gjerde hoppa betre enn nokon gong i Haugesund. Det held godt til siger.   Foto: Jarle Fretheim Konstali Lødemel

Nyhende

Under friidrettstemnet Lerøyleikane i Haugesund, hoppa 14-åringen Ruben Alexander Eide Gjerde frå Olden IL heile 6,11 meter. Blant dei 15 deltakarane i G-14 klassa vart det suveren siger for det unge talentet frå Olden.

I fjor tok Ruben Alexander tre pallplassar i dette stemnet som er for kretsane i Rogaland, Hordaland, Agder og Sogn og Fjordane.

Fleire frå Stryn har gjort det bra så langt.

Fjordingen kjem med meir.