TV2:

Skal ha Idol-auditions her

Hoven Loen blir arena for Idol-auditions i haust

Populær lokasjon Hoven Loen har blitt nytta til debattar og Tv-innspeling tidlegare. Her i høve statsminister Erna Solberg sitt besøk i april.   Foto: Roger Oldeide

Nyhende

Ei ny runde med Idol er i anmarsj og den 11 sesongen av talentshowet skal gå på TV 2 våren 2020.

Ifølge ei pressemelding frå kanalen er påmeldinga godt i gang, men kanalen vil nytte meir enn storbyane til å halde auditions.

- Der vi tidlegare stort sett har heldt auditions i dei store byane, blir det denne gangen auditions på mindre stader. På bakgrunn av dette, har vi valt oss ut naturskjøne Loen og toppen av skyliften som ein av stadane som vil få besøk av Idol i år, skriv Tv 2.

Kjem til Loen Programleiar for Idol i TV2, Katarina Flatland.   Foto: Håvard Solem/TV2

Dato er ikkje klar, men oktober/november er utgangspunktet.

- Fantastisk kjekt at Idol kjem til oss. Programmet har høge sjåartal i alle aldersgrupper, så dette er sjølvsagt ei veldig god reklame både for Skyliften, Loen, Stryn og Nordfjord, seier Eva Fuglestrand ved Alexandra og Loen Skylift til Fjordingen.

Ho poengterar at ungdom som ikkje kan reise til storbyane i høve konkurransen no får høve til å bli med på audition nærare seg sjølv.

- Så vi håpar sjølvsagt at nokon som har audition her vil vinne då, seier ho.   

TV2 viser til at det er mange frå Sogn og Fjordane som har hevda seg i nettopp Idol.

- Namn som Tone Damli, Eva Weel Skram, Jørn Trollebø Kvalheim og Vegard Leite har blitt kjend gjennom Idol, så vi håpar at fleire unge talent frå fylket no ser sitt snitt og melder seg på Idol, oppmodar kanalen og viser til påmeldingsskjemaet på http://tv2.no/delta/.