Tilbakeblikk under kulturdagen i Innvik

Fortidsminneforeninga i Norge markerte 175 års jubileum under kulturdagen i innvik laurdag.

Bygdevandring med Dag Vanberg   Foto: Inge Fænn

Nyhende

Det var bygdevandring, veving på gamle vevstolar, vøling av gamle vindauga og konsert med Linda Gytri.

Til glede for alle frammøtte kom sola og feia bort regnet slik at bygdevandringa med Dag Vanberg, kunne føregå  utan paraply.

Det var salsutstilling av arbeida til Unni Elin Guddal, og sist, men ikkje minst. Det var opning av det nye kjøkkenet.

- Vi har lagt ned nær ein halv million i dette prosjektet, fortalde styreleiar for stiftinga,  Per Ove Reme. Kjøkkenet fungerte godt, og han var godt nøgd med dagen sjølv om han gjerne hadde sett endå betre frammøte av folk frå bygda og bygdene i kring.

Meir om kulturdagen i Innvik i tysdagsavisa