UM i friidrett med lokal deltaking

Joanna Øvre-Flo frå Stryn T&IL deltek i lengde og på 200 meter.  Foto: Stryn friidrett (arkiv)

Nyhende

Ungdomsmeisterskapet i friidrett (UM) går av stabelen på Jessheim i helga.

Av lokale deltakarar finn vi Steffen Melheim frå Olden IL som skal delta i diskos, kule og spyd. Frå Stryn T & IL stiller Joanna Øvre-Flo på 200 meter og lengde, og Malin Riise Gran som skal springe 100 meter.

Det er Ullensaker/Kisa IL som er arrangør for meisterskapet som strekkjer seg frå fredag til søndag.