– Kryssar fingrane for at folk der heime stemmer!

Årets sesong av Skal vi danse er i gang, og mellom danseinstruktørane er Bjørn Wettre Holthe, busett i Stryn. Han dansar med politikar Sandra Borch.

Fekk skryt: Sandra og Bjørn dansa Cha cha cha til Sirkus Eliassen i første program og fekk skryt av dommarane. Laurdag er det første programmet der ein deltakar ryker ut av programmet. – No håpar eg folk der heime stemmer! seier Bjørn, som til dagleg er busett i Stryn.   Foto: Thomas Andersen / TV 2

Nyhende

Bjørn Wetter Holthe har dansa sidan han var 5 år, og har vore med i ei rekkje oppsetjingar på teater og TV, frå West Side Story til Melodi Grand Prix.