Stryn stiller fullt lag til toppkampen

Toppkamp: Stryn og Kaisa Wemby, som scora fire mål i førre kamp, møter Sandane på bortebane fredag kveld.  Foto: Stig Høynes

Nyhende

Det er duka for toppkamp når Stryn tek turen til Sandane og oppgjer i 3. divisjon fotball for damer fredag.

Stryn regelrett knuste Balestrand heile 13–0 i førre seriekamp, noko som førte laget opp på tabelltoppen med 23 poeng, likt med fredagens motstandar Sandane som har ein kamp til gode. Stryn sin trenar Johann Sigurdsson ser fram til kampen.

– Vi har fullt lag, det blir spennande mot eit godt Sandane som vi tapte for i vår. Vi har trua på at vi skal gje dei god kamp om poenga, seier Sigurdsson til Fjordingen.

I vårkampen mellom dei to laga på Stryn stadion var det sandensarane som drog det lengste strået i ein kamp som lenge såg ut til å ende med poengdeling. Men like før full tid sikra blåtrøyene seg alle tre poenga i ein jamspelt kamp.

Topp tre

Framleis er det målsettinga om ei topp tre-plassering som gjeld for Stryn. Om laget skulle gå til topps i divisjonen vil klubben sjå om dei vil ta valet og spele kvalifisering til 2. divisjon.