Felles uttale frå Nordfjordrådet om rv 15:

– Eit viktig signal frå Nordfjord

Felles uttale: Delar av Nordfjordrådet på møte i Stryn måndag denne veka. Bak f.v. Stig Olav Lødemel (Hornindal), Alfred Bjørlo (Eid) og Stein Robert Osdal (Selje). Framme: Sven Flo (Stryn) og Kristin Maurstad (Vågsøy).  Foto: Thomas Thaule

Tungtrafikken utgjer i dag 26 prosent av trafikken over Strynefjellet

Nyhende

I Nordfjordrådet sitt møte måndag la ordførar i Stryn Sven Flo fram ein uttale om kor viktig rv 15 er med tanke på rulleringa av Nasjonal Transportplan som skal vedtakast i 2021. Heile Nordfjordrådet stiller seg bak uttalen.