Ny bronse til Steffen Melheim

Steffen Melheim tok ein ny medalje under UM. Denne gong i kulestøt.   Foto: Hasse Sjögren DECA Text&Bild.

Nyhende

I ettermiddag var Steffen Melheim (16), Olden IL,  i sving i si tredje øving under UM friidrett på Jessheim. Frå før har det vanka bronse i spyd og gull i diskos.

Laurdag var det kulestøt på programmet, ei øving Melheim nyleg tok gull i under junior-NM. Men på Jessheim var det blant anna ein breiming som skulle gi oldaren hard konkurranse. Mathias Reksten Dale klinka til med 15,92 meter i siste omgang og vann fire cm føre Aanund Tveitå frå Otra IL. Med eit lengstestøt på 15,34 meter vart det bronsemedalje til Melheim.

Kasttalentet skal ut i sin fjerde og siste konkurranse allereie laurdag ettermiddag. Då er det slegge som skal kastast.