Og endå eit gull til Melheim

Steffen Melheim kan verkeleg seie seg nøgd etter helgas UM med to gull og to bronsemedaljar i bagasjen heim til Olden.   Foto: Jørund Årdal.

Nyhende

For Steffen Melheim har det gått kast i kast og frå medalje til medalje denne helga. Litt etter klokka 16 laurdag ettermiddag var det klart at Olden sitt store kasttalent sikra seg gull nummer to under ungdomsmeisterskapen på Jessheim. Denne gongen kom gullet i slegge.

Melheim vart relativt klar vinnar med lengstekast på 49,02 meter med den 5 kg tunge slegga. Han hadde også det andre og tredje beste kastet i konkurransen (47,75 og 46,97 meter). Sølvet gjekk til Troy B. Norbakk frå Voss. Han kasta 46,63 meter.

Det betyr at på berre litt over eit døgn har Steffen Melheim sikra seg to gull og to bronse under UM på Jessheim!