Skarsteinsetra Opp

2018: Emilie Flo Stavik og Marius Vedvik vann Skarsteinsetra Opp i fjor.  Foto: Thomas Thaule

Nyhende

Om lag 120 trimmarar og 20 i konkurranseklassen gjorde Skarsteinsetra Opp til ein folkefest i Olden i fjor. Skarsteinsetra Opp såg dagens lys i 2011. Laurdag er det klart for ei ny utgåve av løpet som for det meste går i motbakke.

Starten er i Olden sentrum, og løypa er 4,6 kilometer med ein høgdeskilnad på 400 meter. Underlaget er asfalt dei første to kilometrane før det går over på grusveg og traktorveg.

Deltakarane vel om dei vil springe eller sykle løypa som har målgang på Skarsteinsetra.

I fjor vart eit spent publikum på setra vitne til ny løyperekord blant herrane då Marius Vedvik (Gular) sprang inn til tida 20.10.

Emilie Flo Stavik (Markane IL) var først over målstreken blant damene og fekk notert tida 27.16.

Løyperekordar (ifølgje Olden IL si heimeside): Løp, herrar: Marius Vedvik 20.10 (2018). Damer: Merete Helgheim 25.28 (2016) G13-14 år: Håvard Klakegg 24.58 (2016). J13-14 år: Tuva Fredheim 32,48 (2016).

Løyperekordar sykkel: Herrar: Stig Svalheim 18.39 (2017). Damer: Ingrid Fjellestad 24.30 (2015) G 13–14 år: Trym Dalset Lødøen 22.25 (2016).