Kretsligaen:

Stryn skal bryne seg på serieleiaren

Årdal neste: Sondre Erdal (nr. 37) og Stryn tapte vårkampen mot Årdal heime på Stryn stadion.  Foto: Stig Høynes

Nyhende

Stryn står føre ei vanskeleg oppgåve når dei møter serieleiar Årdal borte i Kretsligaen laurdag.

Eit sjansesløseri utan like var nær på å koste Stryn alle tre poenga i heimekampen mot Høyang sist helg, men laget slapp med skrekken etter å ha bomma på mellom anna to straffespark.

Om Stryn skal ha ein sjanse mot Årdal må nok Vegard Sæten Hopland og kompani ta betre vare på mulegheitene dei får.

Årdølene toppar Kretsligaen med 42 poeng, med Førde på 2. plass tre poeng bak. Stryn ligg på 6. plass med 25 poeng når seks serierundar står att i divisjonen.

I våroppgjeret mellom Stryn og Årdal på Stryn stadion vann bortelaget 4–2.