Den politiske debatten i Stryn Kulturhus:

Vart utfordra om areal og næringsutvikling

– Biltema og Jysk forsvann til Eid. Dei har kjempehandel. I Stryn vert det litt mindre fres med ting som vert vekk.

Ivrige: Torstein Tvinnereim (V) t.v. og Sven Flo (H) kasta seg ivrig inn i debatten, og om temaet næringsutvikling.  Foto: Bengt Flaten

Nyhende

Debattleiar Silje Guddal fyrte opp stemninga i starten av valdebatten i Stryn kulturhus tysdag, og sette fingeren på eit ømt tema for mange, både politikarar og eit næringsliv som ønskjer meir aktive og målretta politikarar. Haldor Hove (Ap) innleia med å seie at han er sprell fersk i politikken, men poengterte byggjefristar, kapasitet og gjerne innleige på plansida som viktige poeng.