– Det vert køyrt for fort ved og forbi skular!

– Alle må syne større respekt for tryggleiken til skuleborn- og ungdom. Det vert køyrt for fort! seier Arne Johannessen ved Politiet Vest, Sogn og Fjordane.

Fort: – Det vert køyrt for fort ved skular, seier politiinspektør Arne Johannessen. Foto: Politiet  Foto: Politiet

Nyhende

Politiet i heile landet har gjennomført Aksjon skulestart med fokus på trygg skuleveg, for Sogn og Fjordane har det vorte kontrollert 1320 køyretøy. Det gav 51 reaksjonar, noko som utgjer 3,86 prosent av dei kontrollerte. Det høgaste talet på reaksjonar sidan 2016, då det var 5,27 prosent, fortel politiinspektør Arne Johannessen, leiar GDE (geografisk driftseining) i Sogn og Fjordane.

Mellom reaksjonane var det mellom anna:

• 1 som var teken for ruskøyring

• 2 førarkortbeslag for høg fart forbi skule

• 26 forenkla førelegg for høg fart ved/forbi skular.

– Konklusjonen er at alle må syne større respekt for tryggleiken til skuleborna og ungdomen. Det vert køyrt for fort ved og forbi skular, seier Johannessen bestemt.

– Det positive sidan sist er at vi ikkje har nokon reaksjonar på mobilbruk eller manglande sikring av born i bil.