Gisle Børge Styve og Heine Totland:

Byr på musikalsk humorframsyning

God musikk formidla med mykje humor og glede er sentralt når Gisle Børge Styve og Heine Totland inntek kulturhuset i Stryn laurdag 14. september.

Gisle Børge Styve (t.v.), kjend frå Beat for Beat og artisten Heine Totland viser den kritikarroste framsyninga «Musikk Folkens!» i Stryn kulturhus laurdag 14. september.  Foto: Presse

Nyhende

– Haustprogrammet til kulturhuset startar sterkt med Gisle Børge Styve og Heine Totland med konserten «Musikk folkens!». Sist Gisle Børge Styve var på besøk hos oss leverte han ein kjempekonsert, der han hadde mykje moro med publikum. Når han no kjem tilbake med Heine Totland, er det berre å glede seg, seier kulturhusleiar Kåre Bruvoll Alme.