God lengdekonkurranse av Kveen Øvre-Flo

Joanna Kveen Øvre-Flo nådde 5,06 meter i lengdekonkurransen. Det heldt til 6. plass. Her frå KM i Førde.   Foto: Stryn friidrett

Nyhende

Også Joanna Kveen Øvre-Flo (16) og Malin Riise Gran (17) deltok under UM friidrett på Jessheim, begge Stryn Turn og IL.

Kveen Øvre-Flo gjorde ein god lengdekonkurranse og vart nummer seks med 5,06m som bestehopp. Ho var 63 cm bak vinnaren og 29 cm unna bronse. Totalt 15 deltok i 16-årsklassen.

Kveen Øvre-Flo gjorde også ein god 200m og fekk springe semifinale, der ho sprang på 28,09. I forsøket sprang ho på 28,07.

Riise Gran sprang 100m men tok seg ikkje vidare frå forsøksheatet. Ho sprang på 13,21.