Høyr valsendinga i Radio Stryn i reprise no!

Lagar valradio: Fjordingen og radio Stryn inviterer til valsending. Roy Aron Myklebust (t.v.) blir programleiar, godt hjelpt av redaktør Bengt Flaten. 

Nyhende

Fjordingen og Radio Stryn prøvar ut noko heilt nytt i høve kommune- og fylkestingvalet. Måndag kveld frå 21 til midnatt inviterer vi til fyldig valsending i nærradioen.

Her blir det gjester i studio og rapportering ute frå felten. Roy Aron Myklebust leier sendinga og redaktør i Fjordingen, Bengt Flaten, vil vere flittig innom for å kommentere etter kvart som oppteljinga skrid fram.

Blant gjester i studio kjem representantar for både dei yngste og eldste som stiller til val, Sp-representant Bjørnar Bøe (21) og Inge Fænn (74) frå Høgre.

Einaste kvinnelege ordførarkandidat i Stryn, Kari Synnøve Muri (KrF), tek turen og som politisk uavhengig kommentator har vi gleda av å få besøk av Silje Guddal.

Det blir også rapport frå kommunevalet i Volda og i tillegg prøvar vi å nå Sonja Øvre-Flo (H) som er på valvake i Bergen i høve fylkestingvalet.

Lytt til Radio Stryn frå klokka 21 måndag kveld her eller på FM-bandet. Lokal dekning av lokalvalet - fritt for bompengeprat!