Emma frå "Alt for Norge" overvelda over Olden

I årets utgåve av «Alt for Norge» møter sjåarane Emma med røter frå Olden. Ho fortel at ho vart fullstendig overvelda då ho i første program fekk besøke «heimplassen» sin.

Vil gjerne tilbake: Emma Boyum har slekta si frå Olden, og vil gjerne tilbake!  Foto: Tormod Leet

Nyhende

I TV-serien føl sjåarane ein flokk norskamerikanarar på reise rundt i Norge der dei besøkjer stadane dei stammar frå og må løyse ulike «norske» oppgåver, inntil det står att ein deltakar som vinnar. Vinnaren får møte slekta si.

– Eg kunne knapt tru mine eigne auge då vi kom til Nordfjord og Olden. Eg visste ikkje den gongen at det var her slektningane mine hadde budd, så eg var verkeleg berre overvelda over utsikta. For ein fantastisk stad! Det er ein fantastisk stad – det kjendest litt dumt å halde på med første utfordring med kransekakeringar og lutefisk rett oppi desse trulege fjordane og fjella, seier Emma til Fjordingen.

Hopland kai: Alt for Norge-deltakarane dansar med leikarringen frå Fjelli UL på Hopland kai, her svingar Emma seg med Arve Støyva. Begge foto: Tormod Leet  Foto: Tormod Leet

Ho fekk også besøke slektsgarden sin i første programmet.

– Å sjå den same utsikta som forfedrene mine såg, var utruleg inspirerande. Besøket gjorde at heile historia i kjennest meir handgripeleg. Eg vart endå meir ivrig etter å bli! seier Emma.

– Både eg og medspelarane mine vart overvelda over både kor vakkert det var og kor venlege alle vi møtte i Olden var. Eg kan nesten ikkje vente med å kome tilbake!