Haugen med sitt 588. maraton -Hafsås med sin 183. siger

Dreg seg mot 600: Inge Asbjørn Haugen sprang sitt 588. maraton i Eikefjord i helga.  Foto: Jan Grov

Nyhende

Helge Hafsås, Olden IL, vann laurdag sin 183. maratonsiger då han kryssa målstreken først i Eikefjord maraton. Hafsås sprang på 3.10.54, og i følgje rapportane vart dette gjort med ein strekk i låret som han pådrog seg etter 16 km.

Berre to andre drista seg til å springe den fulle maratondistansen, og ikkje uventa var Inge Asbjørn Haugen, Hornindal, ein av desse. Han sprang på 4.32.16 i sitt 588. maraton. Ti minutt betre enn førre helg.