Ned frå Gulekoppen på to hjul

Sykla ned frå Gulekoppen: Her er dei fire karane frå Ulsteinvik trygt nede på tunet til Knut Lillestøl i Hornindal. F.v. Kjartan Røyset, Morten Flø, Bernt Vik Myklebust og Leiv Oscar Karlsen frå Ulsteinvik.  Foto: Knut Lillestøl

Nyhende

Knut Lillestøl frå Hornindal har sendt oss bilde. Den spreke 73-åringen er godt kjent i fjella i heimkommunen, men å guide syklistar ned frå Gulekoppen var noko nytt.

- Eg var opp laurdag ettermiddag. Det kom fire syklistar frå Ulsteinvik ned frå toppen. Dei hadde sykla opp på strynesida. Dei lurte på korleis dei skulle kome seg vidare, fortel Lillestøl.

To av syklistane eit stykke nedanfor toppen av Gulekoppen. 

 

Han tykkjer det var både overraskande og moro å sjå nokon ta seg ned hornindalssida på to hjul. Det har han ikkje sett før. Og Lillestøl tenkjer ikkje det er første plassen han ville drege med seg sykkelen.

- Nei, nei, nei. Der er lengre strekk som er umuleg å sykle, same kor mykje ein vil og kan, ler han.

Men ned kom dei, sjølv om Lillestøl fortel at det nokre parti kravde trilling og bering av syklane. Etter ein lenger prat på tunet sykla dei fire karane vidare, og skulle etter planen sykle Den Trondhjemske postveg tilbake til Stryn der dei skulle bu natta over.