Sprang for Barnekreftforeningen

Start: Om lag 40 stk. stilte på startstreken.  Foto: Vikane IL

Nyhende

Vikane IL arrangerte «Løp for meg» for andre år på rad søndag.

– Om lag 40 deltakarar stilte på startstreken ved Styrkhallen, fortel leiar i idrettslaget Andreas Søndenå. Han fortel om ei fin ramme rundt arrangementet med godt ver.

Deltakarar i alle aldrar

– Det var deltakarar i alderen 3 – 70 som var med på løpet. Dette er ei viktig sak og støtte opp om, seier Søndenå, som oppfordrar endå fleire til å melde seg på neste gong.

Landsomfattande

«Løp for meg» er eit landsomfattande arrangement som set fokus på, og er til inntekt for, Barnekreftforeningen.