Dagens leiarartikkel

Felles uttale om rv 15

Ospelitunnelen er ein av tre tunnelar som vert erstatta når det blir bygd ein ny, samanhengjande tunnel frå Skåre til Breidalen.  Foto: Bengt Flaten

Lastebilen fungerer som bedriftene sitt rullande lager. Då er ein avhengig av eit vegnett ein kan stole på

Nyhende

I sitt siste møte før kommune- og fylkestingsvalet gjorde Nordfjordrådet ein viktig jobb ved å samle seg om felles uttale om rv 15. Først og fremst gjeld dette Strynefjellsvegen, men og rassikring på strekninga langs Skredestranda er med i uttalen. Eit viktig krav, etter at det har gått fleire store skred over vegen og ut i Hornindalsvatnet dei siste åra. Berre flaks gjer at bilar ikkje har blitt tekne av skreda. Men bilar har køyrd inn i dei og sånn sett vore ubehageleg nær noko som kunne blitt dramatisk.