Hadde få kvinner å telje:

Berre sju kvinner i kommunestyra både i Stryn og Volda

Det vert stor overvekt menn i kommunestyra i Stryn og Volda dei neste fire åra.

Talde få kvinnestemmer: Sonja Håvik tv og Inger Johanne Johnsen i Volda kommune hadde få kvinner å telje under kommunevalet.  Foto: Anne-Mari Tomasgard, Sunnmørsposten

Nyhende

Partia som fekk plass i det nye kommunestyret i Stryn, hadde i utgangspunktet 11 kvinner på dei plassane partia oppnådde gjennom valet. Veljarane ville det annleis, og kryssa fram menn slik at det vart sju kvinner att.