Volda:

Pressekonferanse om ordførarvervet

Blir truleg avklart kven som får grep om ordførarklubba i Volda

Ordførarvervet blir avklart Slik er det nye ordførarkjedet som skal takast i bruk for Volda kommune frå 1.1.2020   Foto: Anne-Mari Aalberg

Nyhende

Senterpartiet, Arbeidarpartiet , Miljøpartiet Dei Grøne og SV har forhandla og det er no kalla inn til pressekonferanse i Volda rådhus klokka 14.00 torsdag.

Om desse har kome fram til ein avtale er det grunn til å tru at Senterpartiet sin ordførarkandidat Sølvi Dimmen vert ordførar for Volda. Fjordingen har grunn til å tru at honndølen Sverre Leivdal frå Arbeidarpartiet i tilfelle vert varaordførar i ei 40 prosent stilling.

Dei fire partia har 16 av 33 representantar i Volda kommunestyre, men med eit valteknisk samarbeid med Raudt er fleirtalet sikra.