Vert første Stad-ordførar

Historisk: Alfred Bjørlo blir den første ordføraren i Stad kommune.   Foto: Pressefoto

Nyhende

Alfred Bjørlo vert første ordførar i Stad kommune etter at avtale mellom Venstre, Høgre og Ap vart landa onsdag. – Eg ser fram til godt samarbeid med Siri Sandvik frå Stad Ap som varaordførar og Geir Årvik og Wanja Lien i viktige nye posisjonar frå Stad Høgre, seier Bjørlo som fastheld at dette ikkje skal vere ein fleirtals-koalisjon som «tar alt». – Vi skal samarbeide bredt og finne gode løysingar både om politikk og posisjonar, seier han.