Vil gjere Hornelen kjent som «segnfjellet i Norge»

Hornelen, Europas høgaste sjøklippe, skal no vert eitt av dei mange trekkplastera i Nordfjord. – Vi ønskjer å gjere Hornelen kjent som «Segnfjellet i Norge», fortel reiselivssjef Marita Lindvik i Visit Nordfjord.

Som heksesegnene: Basehopparane Even Flo t.h. og Espen Fadnes hoppa ut frå Hornelen slik det seiest i segnene at heksene gjorde når dei skulle til og frå Bloksberg.   Foto: Arnfinn Tønnesen

Nyhende

Even Flo og Espen Fadnes kasta seg ut frå klippa i basehopp, Arne Sølvberg baud på trollkjeringslått og andre slåttar og segner, Einar Løken og Torbjørn Ruud Hagen klatra Bing-ruta, og norsk scenekunst sin grand old man og Nordfjord sin eigen Toralv Maurstad leia det heile då Knuteholmen og samarbeidsplartnar Visit Nordfjord inviterte til eventyrleg vandretur på Hornelen første laurdagen i september.