Zadar i Kroatia vart «Årets hamn»

Zadar i Kroatia stakk av med sigeren i kåringa «Årets hamn» onsdag.

Nominert: Olden var nok ein gong nominert i kategorien «Årets hamn», denne gong med Zadar (Kroatia) og Yokohama (Japan).  Foto: Roy Aron Myklebust

Nyhende

Olden var nominert i kategorien «Årets hamn» (Port of the Year) saman med Zadar og Yokohama i Japan.

– Vi stolte over å kome i finalen saman med Yokohama og vinnaren Zadar, skriv Nordfjord Havn IKS på si eiga Facebook-side.

Sjølv om ikkje Olden gjekk til topps under Seatrade Cruise Awards i Hamburg, har Olden, Stryn og Nordfjord blitt sett endå tydelegare på kartet. Gode aktivitetstilbod i kommunen og tilrettelegging for cruiseturistane vart trekt fram som viktige faktorar for nominasjonen.

Også i 2017 var Olden i finalen, då var det British Virgin Islands i Karibia som gjekk til topps i kåringa.