Elevar og læringar i fylket:

Flinke til å fullføre vidaregåande opplæring

Elevar og lærlingar i Sogn og Fjordane er flinkast til å fullføre vidaregåande opplæring her i landet, både når det gjeld studiespesialisering og yrkesfag.

Stryn vidaregåande skule. (Illustrasjonsfoto)  Foto: Stryn vgs

Nyhende

Ifølgje Sogn og Fjordane fylkeskommune gjennomfører 91,6 prosent av elevane i fylket som vel studieførebuande utdanningsprogram studieløpet. Tilsvarande tal for dei yrkesfaglege utdanningsprogramma er 67,7 prosent.

Legg ein saman alle utdanningsprogramma, hamnar Sogn og Fjordane på andreplass i statistikken med 79,2 prosent som fullfører og består vidaregåande opplæring på fem år, heiter det. Det er likevel berre 0,1 prosent bak Akershus som ligg på førsteplass.

– Den gode statistikken motiverer oss til å arbeide for at endå fleire gjennomfører vidaregåande opplæring på ordinær tid, seier fylkesdirektør for opplæring Bekka Skaasheim i Sogn og Fjordane fylkeskommune.

(©NPK)