Startar takseringsarbeidet for eigedomsskatt i Hornindal

Måndag startar takseringsarbeidet for innføring av eigedomsskatt i Hornindal frå 1. januar.

Får eigedomsskatt: Som følgje av kommunesamanslåinga med Volda får også Hornindal eigedomsskatt. Takseringsarbeidet startar opp allereie måndag.  Foto: Bengt Flaten

Nyhende

Det opplyser kommunen i ei pressemelding.

Det er næringseigedom, bustaddel på landbrukseigedom, fritidseigedom og nokre få bustadeigedomar som no skal bli synfarne. For dei aller fleste bustadeigedomar har kommunen ein formuesverdi basert på likningsverdi frå Skatteetaten som vil bli brukt som grunnlag for utrekning av eigedomskatten. Volda kommune opplyser at taksering og synfaring vil bli gjennomført av takseringsfirmaet Injector AS på vegne av kommunen. Det skal ifølgje eigedomsskattelova berre vere ei utvendig synfaring og ved synfaringa vil det bli tatt bileter av eigedommen.

Dei som gjennomfører synfaringa vil ha på seg gul vest og bere legitimasjon for å kunne identifisere seg sjølve.

I tilfelle der takstmann eller eigar meiner det er behov for synfaring med eigarrepresentant til stades, vil dette bli avtalt i god tid. Desse synfaringane vil i så fall bli gjennomført først i oktober eller november.

Kommunestyret i Volda vil oppnemne ei sakkunnig nemnd som vedtek eigedomsskattetakstane på bakgrunn av forslag frå innleidde takseringsfirma.

Skattesatsen for eigedomsskatt for dagens Hornindal og Bjørke-området vil vere 1,0 promille i 2020, medan den i dagens Volda vil halde fram med 2,0 promille som i dag.