Oppdatert kl 00.30:

24 personar evakuerte i Olden på grunn av flaum

Gjester på Nesset camping og fleire bebuarar i Olden evakuerte.

Vatnet går over sine breidder og ned på vegen fleire stader på strekninga mellom Indre Skarstein ved Olden sentrum og ein kilometer retning Innvik.  Foto: Privat

Nyhende

Politi og brannvesen har evakuert til saman 24 personar i Olden fordi fleire elvar går over sine breidder. Fv 60 er stengd for trafikk, men er no rydda slik at redningsmannskap kjem seg fram.

Kl 23.20 opplyste politiet at i alt 14 personar er evakuerte til no. Talet auka til 24 etter at samtlege gjester også på Nesset camping vart evakuerte.

- Eg ser elva som renn nedover vegen og at redningsmannskap held på med evakuering, fortalde Bjarte Haugen til Fjordingen ved 23-tida. Han oppheld seg sjølv i Olden sentrum.

Fv 60 er sperra for trafikk, men redningsmannskapet kjem seg fram.  Foto: Privat

 

Politioverbetjent Vidar Stavik seier det kjem mykje vatn ned frå elvar i området frå indre Skarstein og ein kilometer retning Innvik.

- Vi har samla dei evakuerte ved ein kafe i sentrum. Fokuset har vore å få evakuert bebuarar og folk på campingen, seier Stavik.

Samtidig jobbar redningsmannskap med å skaffe seg oversikt over området elles.

Det er førebels ikkje meldt om øydelagte hus eller bygningar, men politiet har fått melding om at vatn renn gjennom fleire hagar og også naust.

Stavik opplyser at Røde Kors er ute på vatnet i båt, i tilfelle behov.

- Vi har godt med ressursar og har fått hjelp frå politiet også frå Sunnfjord i tillegg til brannvesenet og Røde Kors.

Kommunen melder og at dei har sett krisestab, seier Stavik.

SISTE: Politiførstebetjent Vidar Stavik opplyser at situasjonen i Olden no ser ut til å vere under kontroll.

- Vi har evakuert dei som skal evakuerast og tal evakuerte er uendra til 24. Ingen av dei evakuerte får kome heim i natt. Dei som ikkje har funne andre løysingar har fått tilbod om overnatting på Alexandra i Loen. Heller ikkje vegen vert opna i natt. Det vil bli gjort vurderingar både i forhold til vegopning og tidspunkt for når folk kan flytte heimatt når det er blitt dagslys måndag, seier Stavik.