Stryningen Espen Skår:

Har illustrert eventyr i ny bok

Kunstnar Espen Skår frå Stryn har illustrert eitt av eventyra i ei ny bok om syndige folkeeventyr. - Eventyret "Guten som selde bukkane" var ganske morosamt, så eg tenkte det ville vere interessant å setje det saman med ein svært realistisk målarstil, seier han.  Foto: Fair Forlag

Nyhende

Stryningen Espen Skår er ein av 36 illustratørar i boken «Syndige folkeeventyr», som vart lansert av Fair Forlag før helga.

Kunstnaren Espen Skår står bak teikningane som illustrerer eventyret «Guten som selde bukkane».

Bak boken står Madicken Schei (25). Her presenterer ho 36 erotiske folkeeventyr med like mange kunstnarar frå heile Norge. Dette var eventyra som Asbjørnsen og Moe med fleire samla inn, skreiv ned og var forbodne å gje ut så seint som på 1970-tallet.

No er tekstane klare og tilgjengelege for ein ny generasjon med lesarar.

Representanten frå Stryn, Espen Skår (25), har bachelor i mediedesign i Volda og diplom i kunstfag frå Universitetet i Bergen.

- Stilen eg valde for dette prosjektet er inspirert av arbeidet til Caravaggio, og dei tidlegare måleria til Munch. Eventyret eg vart utdelt er ganske morosamt, så eg tenkte det ville vere interessant å setje det saman med ein svært realistisk målarstil, seier Espen Skår i ei pressemelding frå forlaget Fair Forlag.