Valdeltaking på 12,7 prosent i kyrkjevalet:

– Kyrkjedemokratiet er svekt

Ei valdeltaking på 12,7 prosent i kyrkjevalet er dramatisk lågt og utgjer ei svekking av kyrkjedemokratiet, skriv kommentator Alf Gjørsund i Vårt Land.

Innvik kyrkje. (Illustrasjon) 

Nyhende

Gjørsund, som er redaktør for Religion og debatt i avisa, skriv at kandidatane ikkje var i nærleiken av å nå ut med bodskapane sine.

– Mange av dei dreiv ikkje valkamp i det heile. Og viss ein var så iherdig at ein søkte opp namnet på nettet, vart ein sannsynlegvis skuffa då ein las presentasjonane. Dei var nesten ubrukelege som grunnlag for valet.

Valdeltakinga i år er lågare enn ved førre kyrkjeval, då diskusjonen om vigsel av likekjønna engasjerte mange. Deltakinga i år var på 12,7 prosent, medan tilsvarande tal i 2015 var 15,1 prosent.

Men sjølv om den låge valdeltakinga kan gjere at kyrkja hamnar i utakt med folket, er ikkje det nødvendigvis berre negativt, ifølgje Gjørsund.

– Kyrkja skal jo vere eit "lys og salt", som skrifta seier. Ho skal gi etisk rettleiing, utfordre livsstilen vår og forkynne ein evig bodskap. Ei gjennomsnittskyrkje vil aldri oppfylle det oppdraget, skriv han.

Til saman fekk Åpen folkekirke 39 mandat, Nominasjonskomiteens liste 29 mandat og Bønnelista fekk ni mandat.

(©NPK)