Hyllar keeper Frode Grodås i «nesten ny» song

Honndalen Soul & Funkarlag har lansert sin hyllest til Frode Grodås på Spotify. – Ei ære, seier hovudpersonen sjølv.

Honndalen Soul og Funkarlag : Frå v. Hallstein I. Bakkja (Svein Seljeset), Jugdiis i Jøla (Liv Merete Kroken, Rasmes Kaare (Torgrim Rødvik), Elljing på Bøna (Rune Seljeset) og Sivert Bøh (Truls Eide). Arkivfoto: Harald Vartdal 

Nyhende

Honndalen Soul & Funkarlag (stifta i 1986) slo i si tid igjennom med eit brak i talentkonkurransen på Glopperock, iført fjøsdressar og FK-caps og udødeleggjorde med replikkvekslinga: – Har du sett potetene dine, du? – Nei. – Ha’kje du? Eg såg mine i går....