Spelar om KM-tittelen:

Strynegutar med storsiger

Stryn slo Eid 6–1 på bortebane i KM-sluttspelet for G15/17-lag: Strynespelarar f.v. Trym Vatn Øvreberg, John Erlend Bø (3 mål), Steinar Hauge, Sondre Holmlund Ørjasæter (3) og Martin Sætre.  Foto: Stig Høynes

Nyhende

Stryn sitt gutar 15/17-lag i fotball har spelt seg fram til KM-sluttspelet.

Laget har no spelt to av seks kampar og vunne begge. Først 5-1 mot Sogndal førre veke, og onsdag vann dei 6–1 borte mot Eid.

John Erlend Bø sette inn tre av måla for Stryn mot Eid. Sondre Holmlund Ørjasæter var ikkje noko dårlegare. Også han noterte seg for tre nettkjenningar. Stryn møter Førde på bortebane i sluttspelet neste veke.