Tarjei Bø: – Målet er gull

Gull: Tarjei Bø vil gjenta suksessen frå fjorårets NM i rulleskiskyting.  

Nyhende

NM i rulleskiskyting går av stabelen i Steinkjer i helga.

Johannes Thingnes Bø og Tarjei Bø stiller sjølvsagt på startstreken. Tarjei vann sprinten i fjorårets NM, og han tok bronse på fellesstarten. Han satsar på å gjenta bedrifta i år:

– Ja, målet er gull i løpet av helga. Det blir sterk konkurranse, for alle eliteutøvarane er på start. Men formen er god og eg skal nok bite frå meg, seier Tarjei Bø til Fjordingen.

Simon Hjelmeset Kirkeeide (Markane) og Isak Nikolai Hopland (Hardbagg) stiller i klasse M20-22, Magnus Midthjell Gjørven (Markane/Stryn vgs) i klasse M19, Oskar Guddal Breivik (Markane/Stryn vgs) og Bendik Vereide (Stårheim/Stryn vgs) i klasse M18 og Maren Hjelmeset Kirkeeide (Markane/Stryn vgs) i klasse K17.

Laurdag er det sprint, søndag er det fellesstart.