Tore Petterson til Stryn kulturhus:

- Folk må akseptere det å vere annleis

Tore Petterson snakkar blant anna om temaet mobbing i kulturhuset i Stryn torsdag 26. september.  Foto: Presse

Nyhende

I høve Verdensdagen for psykisk helse har fleire organisasjonar i Stryn gått saman og invitert Tore Petterson til Stryn kulturhus torsdag 26. september.

Han er engasjert i arbeidet med psykisk helse, og korleis ein kan motverke mobbing gjennom i større grad å få folk til å akseptere det å vere «annleis».

– Eg er veldig engasjert i problema rundt mobbing. Og det er ikkje berre barn som blir mobba. Det gjelder mange vaksne også. Samfunnet har jobba mot dette i så mange år utan at det har blitt bedre, men no er det nok! No må vi får skikkeleg has på problemet, seier han. Petterson samarbeider med DELTA, som og har eit sterkt fokus på mobbing på arbeidsplassen. Organisasjonane som arrangerer føredraget ønskjer å vere synlege og aktive forebyggarar mot mobbing.

– Vi inviterer difor til ope hus i Stryn kulturhus denne kvelden. Organisasjonane oppmodar alle interesserte til å møte fram denne kvelden. Særskilt ber vi kommunalt tilsette, ungdom, verneombud, tillitsvalde og arbeidsgjevarar om å kome denne kvelden og høyre Tore Petterson sitt bodskap, fortel Marit Sandnes Skrede i ei pressemelding frå Stryn Frivilligsentral. Arrangørar er: LEVE, Vaksne for barn Indre Nordfjord, Mental Helse Stryn, Stryn Frivilligsentral og DELTA.