Hypnoseshow med Torgrim Holte på Strynemessa

Det meste kan skje når Torgrim Holte skal lage eit underhaldande hypnoseshow for heile familien på den store scena i Strynehallen under Strynemessa laurdag 5. oktober.

Laurdag 5. oktober kan messepublikumet vere med på hynoseshow med Torgrim Holte. – Eg gler meg veldig, seier han.   Foto: Presse

Nyhende

– Eg har fleire familieshow tilpassa barn og unge. Siste året har eg gjort mykje av det på ulike messer og festivalar med gode tilbakemeldingar. Eg gler meg til Strynemessa. Kjekt å få gjere show på dagtid med eit litt anna publikum enn kveldsjobbar. Eg merkar ekstremt stor interesse frå ungar. Dei synest dette er veldig spennande, seier den kjende illusjonisten, hypnotisøren og entertaineren frå Volda.