I kveld kan du sjå Stryn sitt damelag i aksjon:

Strynedamene spelar avgjerande toppkamp

Toppoppgjer: Emma Sæbø og Stryn møter Studentspretten på bortebane fredag kveld. Det går mot ein særs spennande sesonginnspurt for Stryn, som toppar tabellen på betre målforskjell enn Sandane.   Foto: Stig Høynes

Nyhende

Stryn sitt damelag i 3. divisjon fotball spelar toppkamp borte mot Studentspretten i kveld.

Kampen kan du sjå på fjordingen.no, avspark er kl. 19.00.

Med fire serierundar att av sesongen ligg det mykje i potten for trenar Johan Sigurdsson sitt lag før møtet med studentane i Sogndal.

Stryn toppar tabellen med 27 poeng, likt med Sandane men med betre målforskjell. Studentspretten på 3. plass har 25 poeng, men har spelt ein kamp meir enn laga framfor på tabellen.

Treng poenga

– Det er tett i toppen, men vi satsar på å halde oss der oppe, sa Anja Bertine Tomasgård (25) og Emma Sæbø (15) då dei gjesta lokalsportmagasinet Sport & Spaß onsdag kveld. At dei må ha poeng mot Studentspretten ser Tomasgård på som kjempeviktig om dei skal ha ein god mulegheit til å vinne divisjonen.

– Det freistar sjølvsagt å gå opp ein divisjon, sjølv om det også er kjekt å spele der vi er no, seier Emma Sæbø.

Om laget skulle vinne 3. divisjonen må klubben ta eit val på om dei skal takke ja til kvalifiseringsspel til 2. divisjon eller ikkje.